Bø Sommarland Lifjell Telemarkskanalen Fruktbygda
Østerholt , © Bø gardsturisme

Østerholt , © Bø gardsturisme

Østerholt

På Østerholt kan ungane gjerne få vera med i fjøset på mjølkinga. Både kaninene, katten og hønene likar å bli kosa og stelt med. Garden ligg nær Østeråa, her har vi kano til utlån. Har du fiskelykke, kan du få både ørret, gjedde, abbor, ål og sutr.

Vi har to hus til utleige. Utleige nr. 22 er eit koseleg raudmåla eldhus på ca 40 m2. Triveleg blåmåla stue i gamal stil med langbord, sofagruppe, fjernsyn og gamal vedkomfyr. Kjøkkenet er godt utstyrt med bestikk og servise, komfyr, kjøleskap og kaffetraktar. Kjøkkenet har ein liten "hems" med sengeplass til to. Soverom med 4 sengeplassar. Dusj/wc.

Hus nr 36 ligg på eige tun.I første etasje er det godt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, kjøleskap m/frys, komfyr, kaffetraktar, vaffeljern og det som trengst av dekketøy og kjøkkenutstyr. Stor stue med kroneseng, stor spiseplass, gamal grue (ute av bruk) og stor Ulefossomn. Det er også ei lita TV-stue (parabol), WC.
I andre etasje er det også ein koseleg glassveranda som skapt for ei roleg stund med ei god bok!
Utleigehuset har fin utsikt til elva og ein munter bekk i dalsøkket. Ute er det fint tilplanta, overbygd grillplass. På tunet står også eit gamalt eldhus, stabbur og uthus.
Østerholt , © Bø gardsturisme
Østerholt , © Bø gardsturisme
Jente og ku på Østerholt , © Bø gardsturisme
Adresse

Østerholtvegen - Svenseid
3825 Lunde

gardsturisme.no/gardar/oesterholt

Aktiviteter
  • båt til disposisjon
  • fiskemuligheter
  • turstier
Kjøkken og hushold
  • selvhusholdning
Spesial
  • gård i drift
  • skogsområde
Powered by tellUs

Kontakt

E-post: marielunde@live.no
Telefon: 35947469
Mobiltelefon: 97644671

Kart

­
­
Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.