Bø Sommarland Lifjell Telemarkskanalen Fruktbygda
Hage med frukttrær. Kort vei til vann med bade- og fiskemuligheter.

Børte

Børte er ein gamal, tradisjonsrik gard. Det er to stabbur på garden , eit frå 1770 og eit frå 1850 som er gjort om til sjarmerande feriehus.

Børte har flott utsyn over Børtetjønna. Med to robåtar til disposisjon kan gjestene våre utforske det 100 mål store vatnet og fiske fritt. Her bygger beveren og seint på kvelden kjem ofte elgen til tjønna for å drikke. Badeplass med sandstrand og flytebrygg.

På tunet har vi kanin, frittgåande høner og katter. Stort, barnevennlig tun med god plass til leik, her er både sandkasse, husker og trampoline. Vi har også elbil for barna. Begge husa har sjølvsagt hagemøbler og grill i tillegg til utepeis.

Hus nr. 20 er eit stabbur frå 1850 med 50 m2 buflate + svalgang. I første etasje er det et soverom med 6 sengeplassar (2 sett dobbelseng med køyeseng over), dusj/wc. I andre etasje er det stue med kjøkkenkrok. Stua har langbord og sofagruppe (enkel sovesofa), Fjernsyn med DVD og rikspakke.

Hus nr 21 er eit stabbur frå 1770-åra med 50 m2 buflate + svalgang. I første etasje er det stue med kjøkkenkrok, langbord og sofagruppe (enkel sovesofa), fjernsyn. Kjøkkenkroken har minikjøkken med kjøleskap og el.plater og elles godt utstyrt til 6 personar Dusj/wc. I andre etasje er det et stort soverom med 6 sengeplassar ( 2 sett dobbeltseng med køyeseng over).

Tilgang til trådløst nettverk.
Bø sommarland og Telemarkskanalen ligg bare ein liten biltur unna.
Hage med frukttrær. Kort vei til vann med bade- og fiskemuligheter.
Børte gardturisme med tradisjonelle stabbur. , © Bø gardsturisme
På Børte kan du bo i et trdisjonelt stabbur som er typisk for Telemark. , © Bø gardsturisme
På gården er det dyr og aktiviteter for barn. , © Bø gardsturisme
Adresse

Børtevegen
3825 Lunde

gardsturisme.no/gardar/boerte

Aktiviteter
  • båt til disposisjon
  • fiskemuligheter
  • turstier
Kjøkken og hushold
  • selvhusholdning
Spesial
  • landbruksområde
Powered by tellUs

Kontakt

E-post: t.borte@online.no
Telefon: 35947401
Mobiltelefon: 90640055

Kart

­
­
Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.