Bø Sommarland Lifjell Telemarkskanalen Fruktbygda

Trollmannen fra Oz

Storsalen 8. mars kl. 18.00

Bli med til den andre sida ­- Somewhere Over the Rainbow!

Vi har alle høyrt om Dorothy – den vesle jenta som blir virvla opp av ein tornado og feia av garde til trolldomslandet på den andre sida av regnbogen!
Undervegs til Smaragdbyen og Trollmannen møter ho tre underlege fyrar – Blikkmann, som så inderleg ønskjer seg eit hjarte, Fugleskremselet, som så gjerne vil ha ein hjerne å tenkje med, og den livredde Løven, som håpar han ein dag skal bli modig, han òg. Men først når dei har fått has på Den onde heksa, finn dei det dei egentleg leitar etter – trua på seg sjølv, og trua på andre. Og då finn Dorothy også vegen heim!

Det er gått mange år sidan sist Riksteatret sette opp ein skikkeleg musikal. No skal vi endeleg gjere det igjen. Og då har vi like godt valt oss ein av dei verkeleg store klassikarane: Trollmannen frå Oz. Det er jo ingenting som på same måten samlar eit publikum på tvers av generasjonane som musikkteateret.

Som Dorothy får du møte den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet Alan Lucien Øyen, som gjennom dei seinaste åra har vunne seg eit stadig større namn, også langt utanfor landets grenser.
I han har norsk teater fått seg ein ny trollmann, og han lovar oss ei fargerik og frodig og livsglad framsyning, for eit eventyrlystent publikum i alle aldrar!

 Speletid: 2 t (inkl. pause)

Med Mari Lerberg Fossum m.fl. (blir gjort kjent seinare).

The Wizard of Oz av L. Frank Baum, Harold Arlen, E.Y. Harburg og John Kane. Omsett av Bjørn Endreson. Regissør og koreograf: Alan Lucien Øyen. Musikalsk ansvarleg: Per-Christian Revholt. Scenograf: Leiko Fuseya. Kostymedesignar: Stine Sjøgren. Lysdesignar: Martin Flack. Lyddesignar: Gunnar Innvær. Ein Riksteater-produksjon.

 

Adresse

Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark

gullbring.no/2017/oz/

Powered by tellUs

Kontakt

E-post: post@gullbring.no
Telefon: 35 06 03 90

Tider

Tor ( 08.03 - 08.03 )
18:00 STORSALEN, BØ

Kart

­
­
Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.